Ordførar Per Are Sørheim heldt ei varm tale der han framheva Wenche si lange og krevjande teneste i ei kommune med både økonomiske utfordringar og politisk mangfald.
Han fortalte at Wenche har vore den lengstsitjande kommunedirektøren i Møre og Romsdal, og det er imponerande. Jobben krev både tålmod og diplomatiske evner, og la til at Wenche også var den første kvinnelege rådmannen i Ørsta, tilsett i 2011 av dåverande ordførar Gudny Fagerhol. Han roste hennar strategiske forståing, gode samarbeidsevner og evne til å gi medarbeidarane ansvar og tillit. Ordføraren avslutta med å takke Wenche på vegner av heile kommunestyret.
Wenche Solheim takka for gode år og delte refleksjonar frå tida som kommunedirektør. Ho minna om både gleder og sorger, og nemnde spesielt sommaren 2011 med både 22. juli-terroren og ei lokal ulukke som prega starten på hennar periode.
– Det har vore hardt arbeid, men også mykje utvikling. Vi har bygd skular, barnehagar, idrettshallar og omsorgsbustader. Vi har lagt til rette for bustadbygging og næringsliv, sa Wenche, og peika på kor viktig godt planarbeid og samarbeid har vore.
Ho løfta fram kor krevjande det er å vere lokalpolitikar, og oppmoda kommunestyret til å ta eigarskap til omstilling og prioritere det som er lovpålagt og godt nok. – Det er krevjande tider, og de har to år igjen til å samle dykk om ein felles strategi for framtida, sa ho.
Med takksemd og vemod avslutta Wenche sitt siste møte i kommunestyret: – Eg skal heie på dykk frå sidelinja og framsnakke både tilsette og politisk leiing. Tusen takk for meg, og lykke til vidare mot nye høgder.
Du kan sjå talane på opptak av sendinga til kommunestyret, ca på tidspunktet 2:28:00.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune