Støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure - Ørsta kommune

Støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure

Støtte til flaskehalsanalyser, habitatkartlegging, og tiltaksplanar i bekkar med sjøaure

Sjøaure. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Unsplash

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit ekstra søkelys på sjøaure gjennom sjøaureprosjektet «Mange bekkar små».  Dei ønsker å stimulere til eit ekstra fokus på sjøaurebekkar. 

Kven kan søke?

Kommunar, vassområdeutval, organisasjonar, grunneigarlag og elveeigarlag kan søke støtte.

Kva kan du søke støtte til?

Du kan søke støtte til:

  • Flaskehalsanalyser
  • Habitatkartlegging
  • Tiltaksplanar

Ordninga legg opp til å heve kunnskapen i bekkar med sjøaure og å planlegge effektive tiltak for å betre sjøaurebestandane.

Søknadsfristen er 10. april.

Søknadskjema og meir informasjon på nettsidene til fylkeskommunen.

Målet med ordninga

Å sikre godt vassmiljø i sjøaurebekkane er avhengig av god kunnskap og planlegging. Ordninga skal bidra til at fleire sjøaurebekkar blir kartlagt og at fleire tiltaksplanar blir utarbeidd som eit ledd i å nå målsetningar i Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion.