Stipend for helsefagstudentar
Ørsta kommune
Ørsta kommune søkjer årleg Statsforvaltaren om kompetansemidlar til studentar innan helsefag (sjukepleie, vernepleie, medisin). Målet med midlane er å stimulere til kompetanseutvikling for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenesta i framtida. Midlane blir fordelt i samsvar med den nasjonale prioriteringa.
- For å kunne motta stipendet, må studenten vere budd på å vere ferievikar i minimum 80% stilling i minst 6 veker i hovudferien 2026, i tillegg til helg eller høgtider.
- Stipendet blir utbetalt i etterkant av ferieperioda og berre om ein faktisk har arbeidd i avtalte vakter.
- Sjukefråvær over 10% gir ikkje rett til utbetaling av stipend.
- Stipend for 2026 er på 10.000,- per person.
- Stipend blir tildelt så lenge vi har midlar.
Student må søkje i digitalt skjema og legge ved ei stadfesting på studiet frå Samordna opptak eller studiestaden.
Søknadsfristen er 1. juni.
Sjå også våre ledige stillingar.
Søknadskjema
Opne skjema i eige vindu.
Sist endra 29.01.2026 12:56