Tala for 2025 viser tydeleg at brann- og redning har ei sentral rolle i den totale beredskapen i kommunen og for landet, langt utover berre brannsløkking.
Typar utrykkingar i Ørsta kommune 2025. (Klikk for større bilde)
Tal frå brannstatistikk.no
Når vi ser på reelle oppdrag, altså utrykkingar der det faktisk var utført ein innsats, ligg Ørsta på 8,4 per 1 000 innbyggjarar, som er høgare enn fylkessnittet (6,9) og landssnittet (7,2). Dette indikerer både høg aktivitet og eit brann- og redningsvesen som vert brukt aktivt i den totale samfunnsberedskapen.
Utrykkingane kan delast inn i følgjande hovudkategoriar:
- Unødige alarmar: utrykkingar som viser seg å ikkje vere akutte, til dømes tekniske feil på brannalarmar, matos, damp, lovleg bålbrenning eller falske meldingar.
- Ulukker: akutte ulykker som trafikkulukker, naturhendingar, redningsoppdrag og andre ulukker.
- Brannar: brann og branntilløp i bygningar, køyretøy eller andre brannrelaterte hendingar.
- Andre oppdrag: Alt som ikkje er omfatta av dei andre kategoriane. Eks. bistand politi, sikring, førebygging og støtte til andre etatar.
Tal utrykkingar per 1000 innbyggarar. (Klikk for større bilde)
Tal frå brannstatistikk.no
Høg del reelle oppdrag
Ein gjennomgang av utrykkingstal for alle kommunane i Møre og Romsdal viser at Ørsta brann og redning har ein låg del unødige utrykkingar samanlikna med både fylket og landet som heilskap.
I Ørsta var 21,4 prosent av alle utrykkingar kategorisert som unødige, medan snittet på landsbasis ligg på 56,5 prosent, og 45,9 prosent i Møre og Romsdal. Ørsta er faktisk nest lågast på unødige alarmar av alle kommunane i fylket, både ut frå innbyggartal og som prosent av total mengde utrykkingar. Likevel er det framleis rom for å redusere talet på unødige utrykkingar.
– Dette er eit positivt resultat som viser godt samspel mellom innbyggjarar, verksemder og brannvesenet og 110-sentralen. Dette gjer at når vi rykker ut, er det oftast til reelle hendingar, seier brannsjefen.
Utvikling år for år
Utrykkingar 2017–2025. (Klikk for større bilde)
Tal frå brannstatistikk.no
Unødige alarmar per 1000 innbyggar 2017–2025. (Klikk for større bilde)
Tal frå brannstatistikk.no
Utviklinga år for år viser at unødige alarmar er på veg nedover, medan utrykkingar til ulukker er framleis høgt.
Statistikken viser kor viktig det er å halde oppe eit høgt forebyggande trykk og godt samarbeidet mellom brannvesenet, 110-sentralen, verksemdene og innbyggjarane for å forebygge brann og minimere tal unødige utrykkingar.
All statistikk er henta frå Brannstatistikk.no.