Startar opp nytt foreldreveiledningsprogram

Startar opp nytt foreldreveiledningsprogram

F.v.: Familieterapeut Solveig Engelsgjerd-Våge og kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvik.

Ynskjer du å hjelpe din tenåring med å handtere kvardagslivet sine mange følelsar? Kommunepsykolog Stine Erica Høydalsvik og familieterapeut Solveig Engelsgjerd-Våge startar opp foreldrekurs til foreldre med barn i ungdomsskulealder no i haust.

Kurset heiter Tuning in to Teens™ (TINT). Dette er eit foreldrerettleiingsprogram som fokuserer på å styrke det emosjonelle bandet mellom foreldre og tenåringen, i tillegg til å auke både emosjonell forståing og emosjonell kompetanse. 

Gjennom programmet vil ein bygge ferdigheiter innan noko som kallast emosjonsrettleiing, som handlar om å anerkjenne, forstå og handtere våre eigne og tenåringen sine følelsar. Ein tenåring som blir møtt med slik emosjonell forståing, vil også sjølv oppnå nye emosjonelle ferdigheiter og kompetanse, og vere betre rusta til å handtere opp- og nedturar i livet. 

Tuning in to Teens™ er gruppebasert med møter ein gang i veka over 6 veker:

  • DATO: Tysdagar frå 28. oktober til 2. desember
    KLOKKA: 18.00–20.00
    STAD: Ørsta Helsestasjon

    For spørsmål og/eller påmelding vennligst kontakt: Stine Erica Høydalsvik stine.erica.hoydalsvik@orsta.kommune.no, Tlf.: 941 67 848.

Om TINT

Tuning in to Teens™ er forskningsbasert. Det er gjennomført mange studier som viser gode resultat. Gjentakande funn er at foreldre som deltek på TINT oppnår auka grad av emosjonsrettleiing, og tenåringane oppnår betre emosjonell forståing. Det rapporterast også om hyppig reduksjon i eventuelle internaliserande vanskar(psykiske helseplager som t.d. angst og depresjon) eller eksternaliserande utfordringar (utfordrande atferd og relasjonelle vanskar).

Tuning in to Teens™ fokuserer på å auke emosjonell kompetanse, som er evna til å:

  • Identifisere og forstå eigne følelsar
  • Bruke følelsar til å navigere i sosiale interaksjonar
  • Bruke din emosjonelle medvit til å veilede deg når du løyser problemer
  • Handtere frustrasjon og vere i stand til å vente på det du vil ha
  • Forhindre at stress og uro overvelder evna til å tenke klart
  • Ha kontroll over korleis og når du uttrykker følelsar

Kontakt

Stine Erica Høydalsvik kommunepsykolog
@ Stine Erica Høydalsvik