Startar ny satsing på kompetanseutvikling i oppvekst

Startar ny satsing på kompetanseutvikling i oppvekst

Fredag  14. august var alle tilsette i skule og barnehage samla til ein felles studiedag i Ørstahallen. Samlinga markerte starten på ei ny ordning for kollektiv kompetanseutvikling i oppvekstsektoren i Ørsta kommune.

– Dette er noko heilt spesielt. Vi står saman på startstreken for ei ny ordning der vi skal satse i lag på læring og utvikling, sa kommunalsjef Pål Einar Brekke i opninga av studiedagen.

I staden for at barnehage og skule arbeider etter ulike ordningar for kompetanseutvikling, skal heile oppvekstsektoren no samlast om felles mål og satsingar. Målet er å styrke samarbeidet på tvers av tenestene og sikre best mogleg utvikling og læring for barn og unge i Ørsta.
 

To personar som står framfor ein presentasjon på storskjerm. - Klikk for stort bileteKommunalsjef for Oppvekst, kultur og inkludering Pål Einar Brekke saman med Anne Randi Festøy, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Reidun Mo

Innspel frå tilsette

Den nye satsinga er resultatet av eit omfattande arbeid som har involvert tilsette i heile oppvekstsektoren.

Hausten 2025 vart alle barnehagar og skular inviterte til å kome med innspel om kva kompetanse dei ønskte og hadde behov for i kvardagen. Desse innspela har danna grunnlaget for strategien og satsingsområda som skal prege arbeidet dei neste åra.

– Stemma til dei tilsette har vore avgjerande. Slik sikrar vi at kompetanseutviklinga er forankra i dei verkelege behova som finst ute i barnehagane og skulane våre, understreka kommunalsjefen.
 

Robuste barn og unge som felles mål

Det overordna målet for satsinga er å utvikle robuste barn og unge i Ørsta kommune.

Kommunen ønskjer å skape eit oppvekstmiljø der alle barn og unge kjenner seg sette, opplever å høyre til og får moglegheit til å meistre i eit inkluderande fellesskap.

Kommunalsjefen løfta fram den viktige rolla dei tilsette har i dette arbeidet.

– Det er de som møter barna og dei unge kvar dag, og som set samfunnsoppdraget ut i livet gjennom arbeidet dykkar.
 

Felles læring om utfordrande åtferd

Temaet for den første perioden i satsinga er «Åtferd som utfordrar». Målet er å styrke forståinga av kva som ligg bak utfordrande åtferd og korleis vaksne kan møte barn og unge på ein måte som fremjar utvikling og meistring.

Som fagleg innleiar hadde kommunen invitert Anne Randi Festøy, førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda.

Gjennom dagen fekk deltakarane innsikt i korleis åtferd kan forståast som kommunikasjon, korleis relasjonar påverkar læring og utvikling, og korleis vaksne kan bruke relasjonskompetanse og medregulering i møte med barn og elevar.
 

Starten på ein lærande prosess

Studiedagen er ikkje eit enkeltståande kurs, men starten på eit langsiktig utviklingsarbeid. Gjennom partnarskap med Høgskulen i Volda skal tilsette arbeide vidare med aksjonslæring, refleksjon og erfaringsdeling i eigen praksis.

Samlinga i Ørstahallen markerte dermed starten på ei felles satsing for heile oppvekstsektoren i Ørsta kommune – med eitt felles mål: å skape dei beste vilkåra for barn og unge i kommunen.

Tribune med tilsette som sit. - Klikk for stort bileteTilsette i skule og barnehage. Reidun Mo