Tiltaket løyser ut krav om arkeologiske utgravingar i området fordi det er venta å finne spor etter kulturminne.
Arkeologiske utgravingar
Frå pressemeldinga til Statens vegvesen:
«Det er venta å finne spor etter førhistorisk aktivitet knytt til busetnad og dyrking frå bronsealder og jernalder. Felta som blir undersøkt ligg på kvar si side av E39. Det er planlagt å starte på vestsida av E39, mot sjøen.
Når området er tilstrekkeleg undersøkt og blir frigitt, skal det byggjast ny gang- og sykkelveg på vestsida av E39. På austsida av E39 skal busslomma utvidast og flyttast litt lenger nord. Det skal også byggjast gangvegforbindelse mellom busslomma og Osvegen.
Entreprenøren Mesta AS bistår arkeologane med gravemaskin. Det blir sett opp varsling og sikring ved arbeidsområdet, men arbeidet vil ikkje ha nemneverdig påverknad på trafikken på E39.»
Lenkje til heile pressemeldinga
Dei arkeologiske utgravingane startar opp no og skal, etter planen, vere ferdige 3. oktober. Men omfanget av utgravingane vil vere avhengig av kva funn dei gjer. Utgravingane kan gjere det naudsynt å fjerne trea på Vekslet inn mot E39 og som står nærast utgravingane. Dette vil verte gjort i samråd med Ørsta kommune. Det som kan gjerast av tilstelling etter utgravingane, vil verte gjort i haust.
Gang- og sykkelveg
Bygging av gang- og sykkelveg og busslomme skal gjennomførast i 2026. Når gangvegen vert bygd, må alle trea inn mot E39 fjernast. Planting av nye tre vil verte gjort i samråd med kommunen.
Statens Vegvesen og kommunen vil samarbeide om ein plan for tilstelling av området når arbeidet er ferdig. Det er også aktuelt å førebu nokre av dei planlagde tiltaka for vidare utvikling av Vekslet i samband med tilstellinga. Det kan til dømes gjelde sandvolleyballbana.
Hald deg oppdatert
Følg med på Statens vegvesen si trafikkinformasjon, som blir oppdatert til ei kvar tid i desse kanalane: