Sprek på nett

Sprek på nett

Vil du bli tryggare på det digitale? Bli med på gratis kurs for å styrkje den digitale kompetansen din. Lær mellom anna grunnleggande bruk av datamaskin og nyttige appar til telefon og nettbrett.

Volda og Ørsta kommunar vidarefører tilbodet om kompetanseheving i digitale ferdigheiter for seniorar – i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet!

Foreløpig er det ikkje sett opp nye datoar for sprek på nett.

Du treng ikkje kunne noko frå før. Du lærer t.d. korleis du brukar datamaskin og om nyttige appar på mobil og nettbrett. 

Tidlegare har vi lært om:

  • Vipps
  • Billettar og transport
  • Google Foto
  • Helsenorge
  • E-post

Ta med eige utstyr (mobil, nettbrett, PC/MAC)

Det vert òg arrangert ein dag i regi av Seniornett i løpet av februar/mars – dato kjem seinare.