Spørsmål om helse- og omsorgstenester? F.v.: Maren Sætre, Mette Ulvestad Dyb, Unni Bergdal, Therese Pilskog, Liv Berit Hauge og Runa Bakke. Ørsta kommune No kan du enklare bestille rettleiing med sakshandsamarane på tildeling og koordinering.Bestill tid enkelt i skjemaet her: Bestill møteDu kan velje den tida som passar deg og om du ønsker møte på rådhuset eller ein telefonsamtale. Treng du hjelp til å bestille møte? Servicekontoret på rådhuset hjelper deg gjerne med å bestille møte om du kjem innom oss. Tildeling og koordinering svara på spørsmål og gir rettleiing innan:Avlastning (barn og unge)Betaling for langtids- og korttidsopphald (sjukeheim)BPA (brukarstyrt personleg assistent)HagestovaHeimehjelpHeimetenesterKoordinerande einingMiddagsomberingOmsorgsbustadOmsorgstønadPraktisk bistand opplæring/buhabSjukeheim (korttidsplass, langtidsplass, avlasting)StøttekontaktTenester for psykisk helseTryggleiksalarmTT-kortNB! Gjeld samtalen andre enn deg sjølv må du ha med fullmakt. For telefonsamtale må fullmakt sendast til kommunen i god tid før samtalen. Les også Kva helsetenester kan vere relevante for mine behov?Når du har bestilt møte Kvar møter eg?Har du booka møte på rådhuset kan du møte i resepsjonen på servicekontoret, så hentar vi deg der. Har du booka telefonmøte blir du oppringt.Avbestille eller flytte møtet? Du kan avbestille eller flytte møtet i bekreftelseeposten du fekk når du bestilte. Eller så kan du ringe sentralbordet, så gir dei beskjed til Tildeling og koordinering – som kan avbestille eller flytte avtalen. Møtet gjeld ikkje meg sjølvDå må du ta med fullmakt på møtet. Skal du ha telefonmøte må fullmakt leverast på servicekontoret eller sendast via eDialog ei veka innan møtet. Sist endra 24.02.2026 08:38