Målet er å få betre innsikt i korleis innbyggjarar i denne aldersgruppa ønskjer å bu i framtida, og kva faktorar som påverkar val av bustad. Resultata vil gi eit viktig grunnlag for planlegging av framtidige utbyggingar og bustadtilbod i Ørsta kommune.
Kven kan delta?
- Personar 55+ som bur i Ørsta kommune
- Undersøkinga tek om lag 5–10 minutt
- Deltaking er frivillig, og alle svar blir behandla anonymt
Slik deltar du
Digital lenkje til undersøkinga
For dei som ønskjer å svare på papir, vil fysiske svarskjema vere tilgjengelege på servicekontoret.
Spørsmål?
Kontakt Malin på e‑post: Malinrn@stud.hivolda.no
Takk for at du bidreg til viktig kunnskap for framtidig planlegging i kommunen.
