Ordninga er ein del av regjeringa sitt Eldreløft, og skal skape fleire aldersvenlege møteplassar, styrke deltakinga i frivillig arbeid og motverke einsemd.
Kven kan søke?
Frivillige og ideelle organisasjonar.
Mål og målgruppe for ordninga
Målet er å fremje fysisk og sosial aktivitet, og gje fleire eldre moglegheit til å delta og bidra i frivilligheita. Tilskotsordninga inngår i regjeringa sitt Eldreløft, og skal bidra til at fleire eldre kan delta på aldersvenlege møteplassar og bidra som frivillige til felleskapet. Ordninga skal bidra til å innfri aktivitetsgarantien under Bu trygt heime-reformen og til å motverke einsemd.
Delemål:
Målgruppa deltar og/eller bidreg i tilbod som
- aktiviserar fysisk og mentalt
- styrkar evnen til å bu trygt heime lenger
- styrkar opplevinga av felleskap, mestring og mening
- styrkar digitale ferdigheiter
- gir auka mobilisering/rekruttering av eldre som frivillige i aktivitetstilbod for andre
- styrkar og avlastar pårørende
Målgruppa er eldre personer, både med og uten behov for kommunale tenester. Med eldre meinast primært personar fra 60 år, hovudsakleg pensjonistar.
Korleis søkje
Meir informasjon og søknadskjema finn du på helsedirektoratet si heimeside.
Søknadsfrist: 27. mars 2026 kl. 13.00.
Spørsmål og rettleiing
Har du spørsmål eller treng rettleiing i å søke, ta kontakt med Rebecca Riise Bjerknes, leiar Frivilligsentralen.