I samband med at Linja har lagt om sitt anlegg frå luftspenn til kabel i bakken gjennom Årsetdalen vart det naudsynt å gjere tiltak for å kunne halde fram med å forsyne gatelysa med straum, noko som i utgangspunktet ville medføre kostnader for kommunen.
Difor informerte kommunen fylkeskommunen om at kommunen ikkje lenger kan vedlikehalde dette strekket, ettersom vi ikkje får driftstilskot frå dei. Kommunen tilbaud fylkeskommunen å ta over vedlikehaldet av strekket.
Fylkeskommunen viste til at trafikkmengda på vegen dessverre er for låg til at dei kan overta lyspunkta, eller gje tilskot, i følgje dei standardane som gjeld for fylkesveg.
Dette førte til at veglysa i Årsetdalen ikkje lenger hadde straumforsyning. Dette er ein viktig skuleveg.
Kommunen er no i praksis eigar av alle stolpane, leidningsstrekket mellom og lysa. Kommunen klarer å få gatelysanlegget til å fungere vidare i kommunen sitt eigarskap, utan å måtte gjere særlege kostnadskrevjande tiltak. Difor vert det lys langs Årsetdalen igjen. Dette er ei mellombels løysing, fram til ein eventuell avklaring med vegeigar.
Dersom det skulle oppstå skade på anlegget som krev utgifter til feilretting, så gjeld framleis kommunestyret sitt vedtak om at kommunen ikkje skal ha utgifter til vedlikehald av lysanlegg langs fylkes- og riksveg, der kommunen ikkje lenger får driftstilskot.
Vi reknar med at tilkoplinga vert gjort i løpet av dei første dagane i komande veke.