Serveringsstadar kan no søke om utvida skjenketid under fotball-VM

Serveringsstadar kan no søke om utvida skjenketid under fotball-VM

Formannskapet har vedteke at serveringsstadar i Ørsta kan søke om utvida skjenketid under fotball-VM for herrar 2026.

Bakgrunnen er at fleire kampar, særleg med det norske landslaget, vert sende på natta norsk tid. På grunn av dette er det gjort eit mellombels unntak i alkohollova som gir kommunane høve til å fastsette lengre skjenketider for stader som viser direktesende kampar.

Kven kan søke?

Serveringsstadar og arrangørar som:

  • har lisens og viser direktesende VM-kampar 
  • ønskjer å halde ope utover vanleg skjenketid
  • har alminnelig skjenkeløyve eller for einskildhøve

Tidspunkt og alkoholgruppe

  • Ordninga gjeld i perioden 11. juni til 19. juli 2026
  • Utvida skjenketid kan berre gjelde under direktesende kampar
  • Ordninga gjeld for alkohol i gruppe 1 og 2

Vilkår

For å få godkjent utvida skjenketid må:

  • lisens med dokumentasjon vere på plass
  • plan for vakthald
  • arrangementet meldast inn i politiet sin nettportal
  • søknad sendast til kommunen

Slik søker du

Har du skjenkeløyve kan søke om utvida skjenketid slik:

Har du ikkje har alminnelig skjenkeløyve? Då må du i tillegg søke om Skjenkeløyve for einskildhøve eller ambulerende løyve.