Rekordstor deltaking ved førhandsval – effektiv oppteljing i etterkant

Rekordstor deltaking ved førhandsval – effektiv oppteljing i etterkant

Ørsta kommune

Siste oppteljing var klar allereie 2,5 time etter stengetid, og etter eit møte i valstyret vart resultatet publisert kl. 00.02 natt til tysdag.

Dei 333 stemmene som er igjen å telle er seint innkomne førehandsstemmer og stemmer lag til side. Desse skal ikkje kan teljast før tysdagsettermiddag kl. 17.00.

  • Oppdatert onsdag 10. september: Etter oppteljing av seint innkomne førehandsstemmer så har totalt har 81,2 % av dei stemmeføre i Ørsta stemt. Dette er ein merkbar auke samanlikna med dei to førre stortingsvala i 2021 og 2017, der deltakinga låg rundt 78 %. 

 

«Dette kunne vi ikkje fått til utan alle dei som har stilt opp både i krinsane og sentralt på mottak. Vi er veldig imponerte og takknemlege for innsatsen som vart lagt ned i løpet av måndagen!» seier valansvarleg Ingeborg Bjørneset. Både pakking, transport og overlevering av setlar og utstyr vart utført i samsvar med prosedyre, i tillegg til manuell teljing og registrering av denne.

Ordførar Per Are Sørheim legg til at: «Ein flott innsats av valmedarbeidarane gjorde at vi hadde eit resultat på plass rett over midnatt. Det er min vurdering at valet har vore ryddig og godt gjennomført trass i ny val lov.»

Ny vallov frå i år har ført med seg endringar i fleire rutinar, og nye krav til gjennomføring av valting. 

Alle som har bidrege i dei ulike vallokala, både eigne tilsette og eksterne valmedarbeidarar, har teke alt på strak arm og gjennomført med glans. Tusen takk for innsatsen!