PRESSEMELDING Etter Stikk UT! vinter 2025–2026
I løpet av sesongen, som gjekk frå 1. desember 2025 til 15. april 2026, har endå fleire enn tidlegare år teke turen ut i naturen gjennom den kalde og mørke årstida.
– Det er ekstra gledeleg å sjå at så mange vel å vere aktive ute gjennom vinteren. Frisk luft og fysisk aktivitet er spesielt viktig i den kalde og mørke årstida, både for fysisk og psykisk helse, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsrå, og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleiar for Stikk UT! i fylket.
Nærturane har ei stor verdi
Kommunane og dei frivillege har jobba godt med å finne nærturar som er tilgjengeleg også om vinteren. Totalt vart det i vintersesongen lagt til rette for 446 turmål i Møre og Romsdal og Heim, fordelt på 159 skiturar og 288 fotturar.
Statistikken seier oss at Stikk UT! får folk ut på tur jamnt gjennom heile veka.
Totalt har over 16.000 personar vore med, og desse har registrert opp mot 250.000 turar i Stikk UT! vinter 2025-26. Dette er nok ei stor auke frå tidlegare år.
Dei aller fleste har gått fotturar, og desse har registert heile 210.000 turar i vintermånadane.
– Dette understrekar kor viktig lågterskeltilbod som Stikk UT! er for folkehelsa og at Stikk UT! stimulerer folk til å vere aktiv ute om vinteren, seier Ellingsæter.
Snøfattig og kald vinter
Også til Stikk UT! ski-turmåla har vi hatt auke i aktivitet. Her har rundt 5.000 deltakarar registrert til saman 36.000 turar.
Det har vore ein kald og snøfattig vinter, så her trur friluftsråda at mange har registrert skiturane både på ski og til fots.
– Tala viser at Stikk UT! vinter held fram med å vere ein viktig møteplass for aktivitet, naturopplevingar og meistring – også om vinteren, seier Ellingsæter.