Prøv kommunen sin trenings- og helseapp

Prøv kommunen sin trenings- og helseapp

Bilde av en dame som held to vekter. Ho trena heime i stova si. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. AdobeStock

No kan du få øvelsar, treningsprogram og nyttig helse- og kosthaldsinformasjon frå kommunen på din mobil eller nettbrett, via treningsappen "ExorLive Go".

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

På appen finn du gode treningsøvelsar og -program, i tillegg til helse og kosthaldsråd kvalitetsikra av avdelinga for ergo, fysio og friskliv i Ørsta. Går du til fysioterapeut i kommunen kan du få treningsprogram tilpassa akkurat deg og dine behov.

"Med vår nye trenings- og helseapp gjer vi det enklare for innbyggjarane å ta vare på eiga helse – når det passar dei. Her får du tilgang til kvalitetssikra øvingar og råd, og ikkje minst gode treningsprogram." – Ragnhild Svensli, avdelingsleiar ergo, fysio og friskliv.

Appen er gratis og alle som vil kan bruke den.

Korleis kome i gang

Sjå etter denne logoen der du finn appar.
  1. Du må fyrst lage deg ein brukar på: exorlive.com 
  2. Bruk nettside-versjonen eller appen “ExorLive Go” (som du kan laste ned via  App Store eller Google Play).
  3. Opne App/nettside og logg deg inn.

I appen finn du mellom anna:

  • Forslag til treningsprogram
  • Trening for vaksne
  • Trening for seniorar
  • Informasjon om helse og livsstil
  • Turar og aktivitetar i Ørsta