Prosessen med samarbeid mellom Volda og Ørsta er i gang

Prosessen med samarbeid mellom Volda og Ørsta er i gang

Sist fredag møttest den interkommunale politiske arbeidsgruppa. Arbeidsgruppa skal legge til rette for ein prosess som skal føre fram til løysingar som gir gevinstar for tenestene og styrkar samfunnsutviklinga i begge kommunar. Målet er å etablere ein felles strategi og visjon, samt mobilisere ressursar og engasjement i lokalsamfunnet for å utløyse synergiar og realisere eit større potensial enn det kommunane kan oppnå kvar for seg.

Interkommunal politisk arbeidsgruppe for Volda og Ørsta - Klikk for stort bileteOrdførar Sølvi Dimmen, ordførar Per Are Sørheim, kst kommunedirektør Kari Flø, varaordførar Tove Halse Digernes, formannskapsmedlem Odd Magne Vinjevoll, varaordførar Sverre Leivdal og kommunedirektør Rune Sjurgard

Kommunestyret har gitt arbeidsgruppa følgjande mandat:

  • Identifisere løysingar som gir gevinstar for tenestene og styrkar samfunnsutviklinga for dei to kommunane i lag, og kome med framlegg om konkrete samarbeidstiltak. 
  • Leggje eit grunnlag for å kunne samordne prosessen med planstrategi og kommuneplan med sikte på felles visjon og overordna målsettingar for kommunane for kommunestyreperioden 2027 - 2031. 
  • Utarbeide kravspesifikasjon og tinge utgreiing for å få eit kunnskapsgrunnlag for å vurdere samanslåing av kommunane Volda og Ørsta. Skaffe statleg finansiering for å dekkje kostnadene med utgreiinga.

 

Statsforvaltaren har gitt positiv tilbakemelding på initiativet frå dei to kommunane, og det er gitt signal om at det kan søkjast om statlege tilskot til utgreiingar og prosjektleiing. Arbeidsgruppa skal møtast att i januar for å jobbe med idear rundt framtidsbilde og leggje nærare plan for prosessen.

Referat frå møtet i arbeidsgruppa 28. november 2025 (PDF, 3 MB)

Saksframlegg: Framtidig utvikling av Volda og Ørsta - mandat for tverrkommunal politisk arbeidsgruppe.pdf (PDF, 4 MB)