Pål-Einar Brekke tilsett som kommunalsjef

Pål-Einar Brekke tilsett som kommunalsjef

Pål-Einar Brekke blir kommunalsjef for Oppvekst, kultur og inkludering. - Klikk for stort biletePål-Einar Brekke blir kommunalsjef for Oppvekst, kultur og inkludering. Ingvild Marie Taraldset

Ørsta kommune har tilsett Pål-Einar Brekke som kommunalsjef for Oppvekst, kultur og inkludering. 

Brekke er 39 år og bur i Ørsta. Han har vore konstituert i stillinga sidan 1. september 2025, og har vore tilsett som rådgivar i kommunalområdet sidan 2021. Før det var han assisterande rektor på Vartdal skule.

Kommunalområdet omfattar mellom anna barnehage, skule, vaksenopplæring, flyktningteneste, frivilligsentral og eit breitt kulturtilbod. Som kommunalsjef går Brekke inn i kommunedirektøren si strategiske leiargruppe med ansvar for fag, økonomi og personal.

– Vi er svært glade for å få Brekke med på laget. Han har den kompetansen og gjennomføringsevna vi treng i ei viktig tid for kommunen, seier kommunedirektør Kari Flø.

Ørsta kommune står framfor omstilling dei komande åra, og eit sentralt arbeid vert å utvikle gode og berekraftige tenester innanfor vedtekne rammer.