Ørstakonferansen

Ørstakonferansen

Illustrasjon med fjell, sau og seter, og teksten Ørstakonferansen llandbruk, lokamat og reiseliv - Klikk for stort bilete Ørsta næringskontor

Fredag 30. oktober er det duka for Ørstakonferansen - landbruk, lokalmat og reiseliv i Ørsta kulturhus. 

Ørstakonferansen er ein møteplass for aktørar innan landbruk, reiseliv, lokalmat og servering, i tillegg til offentleg sektor og andre som ønskjer å bidra til utvikling, samarbeid og nye moglegheiter i desse næringane i regionen.

Her møtest ulike næringar og fagmiljø for å dele erfaringar, hente inspirasjon og sjå nye moglegheiter på tvers av bransjar. Korleis kan landbruk, lokalmat og reiseliv spele kvarandre gode? Korleis kan vi bruke lokale ressursar betre, skape meir aktivitet og utvikle nye produkt, opplevingar og arbeidsplassar?

Gjennom innlegg, gode historier og samtalar set konferansen søkjelys på både utfordringar og moglegheiter. Målet er å skape ein arena der folk kan møtast, knyte kontaktar, dele kunnskap og få idear som kan føre til nye samarbeid og konkret utvikling.

Ørstakonferansen skal vere ein stad for både inspirasjon og diskusjon – og for å løfte fram menneske og verksemder som tør å satse, tenkje nytt og skape aktivitet med utgangspunkt i ressursane vi har rundt oss.

Påmelding og meir informasjon finn du på næringskontoret sine nettsider: 

Informasjon og påmelding 

Påmeldinga stenger tirsdag 27. oktober kl. 16:00.