Vedtak i Volda kommune
PS 76/26 Vidare framdrift av utgreiing av ei mogleg samanslåing Ørsta og Volda kommunar
Kommunestyret tek kunnskapsgrunnlaget gjeldande kommunestruktur for kommunane Ørsta og Volda til vitande.
1. Kommunestyret vedtek å gå vidare i prosessen med å vurdere ei mogleg samanslåing/forsterka samarbeid av Ørsta og Volda kommunar.
2. Kommunestyret legg vekt på kunnskapsformidling for å skape engasjement og medverknad frå innbyggjarar, næringsliv, ungdom og andre grupper. Kommunestyret ber den tverrkommunale politiske arbeidsgruppa utarbeide eit samordna forslag til ein ny framdriftsplan for det vidare arbeidet. Forslaget skal leggjast fram for kommunestyra på møte i desember.
3. I utgreiinga av framdriftsplanen skal det vurderast:
a. Tid til kommunikasjonsarbeid med formidling av utfordringsbilete og hovudfunn frå utgreiinga.
b. Koordinerte politiske møte mellom kommunane.
c. Innbyggjarmedverknad gjennom strukturert innbyggjarhøyring, folkerøysting og opne møte.
d. Gjennomføring av eventuelle tilleggsutgreiingar.
4. Kommunedirektøren får mynde til å iverksette eventuelle tilleggsutgreiingar i samråd med tverrkommunal politisk arbeidsgruppe.
5. Det er ein føresetnad for gjennomføring at kostnadene vert finansierte gjennom eksterne tilskot, og at tiltaka ikkje medfører auka netto kostnader for kommunane.
6. Kommunestyret meiner at staten må ta eit tydeleg ansvar for å leggje til rette for frivillige kommunesamanslåingar gjennom gode, føreseielege og langsiktige insentivordningar. Ordningane bør både dekkje nødvendige eingongskostnader ved sjølve samanslåinga, og sikre økonomisk handlingsrom som reduserer risiko og gir føresetnader for å realisere ein økonomisk gevinst i eit langsiktig perspektiv.
Protokollen frå Volda kommune