– Eg var rimeleg spent, og sjølvsagt veldig glad då det var Ørsta og Volda som fekk utmerkinga. I fjor kom vi på delt 2.plass etter Fairtradehovudstaden Oslo. I år tok vi altså steget heilt på toppen av sigerspallen, medan Oslo fekk heiderleg omtale, seier leiar i styringsgruppa for Fairtrade-kommunane Volda og Ørsta Ingrid Opedal
I grunngjevinga heiter det mellom anna at kommunane utmerkar seg med tydelege vedtak og innkjøpspraksis som prioriterer Fairtrade-produkt. Gjennom året har dei løfta fram Fairtrade på ein kreativ og inkluderande måte: frå nasjonal Fairtradeveke med synlege kampanjar, stands på Høgskulen i Volda, og markeringar under Bygdepride, Dei nynorske festspela og Grøn festival – til besøk på fotballfritidsordningar og engasjement i kommunestyra.
Samarbeidet med lokale butikker og aktørar er systematisk og positivt, og innsatsen gir konkrete ringverknader i sortiment og sal. Med brei deltaking frå frivillige, studentar og innbyggarar – og støtte frå lokalt næringsliv – viser Ørsta og Volda korleis to kommunar saman kan gjere ein stor forskjell for rettferdig handel.
Begge kommunane kjøper Fairtrade-produkt til eigne institusjonar – med kaffi som grunnmur, og med te og sjokolade der det er relevant. Ørsta sitt kommunestyrevedtak og Volda sin overordna innkjøpsstrategi gir retning og fart.
–Eg trur nok det var alle aktivitetane vi fekk til i kampanjeveka som gjorde susen, fortel Opedal, som takkar Tussa for støtten som gjorde dette mogleg, og alle i styringsgruppa som har jobba jamnt og trutt heile året.
–Så veit vi at den økonomiske situasjonen i kommunane er svært krevande for tida. Vi er difor glade for at formannskapet i Volda vil at kommunen skal halde fram som Fairtrade-kommune, med litt lågare ambisjonar. I Ørsta har dette, så vidt eg veit, ikkje vore tema, og vi reknar med at dei også held fram. Denne utmerkinga er sjølvsagt ein stor inspirasjon for oss frivillige, og bør vere det også for kommunane, avsluttar ho.
2. klasse ved Mork skule stakk av med korga full av Fairtradesaker i Volda etter at mange klassar var nominerte. I Ørsta var det 4. og 5. klasse ved Dalane skule som vann.
Ole Zenebe Nordbotten Halkjelsvik
Dei mange aktivitetane i kampanjeveka i haust retta mot born og unge vart lagt merke til. Her får Ørsta FFO utdelt Fairtradefotballar og Fairtradebananar. Det same fekk Volda FFO.
PRIVAT