Ørsta kommune vert meldt inn i ROBEK-registeret

Ørsta kommune vert meldt inn i ROBEK-registeret

Ørsta kommune blir meldt inn i ROBEK etter at rekneskapen for 2025 viser eit samla meirforbruk som overstig grensa i kommunelova. Innmeldinga betyr at Statsforvaltaren får sterkare kontroll med kommunen sine økonomiske vedtak, samstundes som kommunen held fram arbeidet med å sikre lovpålagde tenester og få drifta tilbake i balanse.

Bakgrunnen er at kommunestyret 18. juni 2026 vedtok årsrekneskapen for 2025. Rekneskapen viser eit negativt netto driftsresultat på 33,1 millionar kroner og eit meirforbruk på 29,0 millionar kroner. Kommunen hadde frå før eit meirforbruk frå 2024 på 18,6 millionar kroner. Samla meirforbruk for 2024 og 2025 er dermed 47,6 millionar kroner, som utgjer 3,68 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er over grensa for innmelding i ROBEK etter kommunelova § 28-1 bokstav d.

Kva er ROBEK?

ROBEK er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse, eller som ikkje har vedteke økonomiplan, årsbudsjett eller årsrekneskap innan fastsette fristar. For kommunar som er registrerte i ROBEK, skal Statsforvaltaren føre kontroll med at budsjettvedtak er lovlege. Statsforvaltaren skal også godkjenne vedtak om låneopptak til investeringar og langsiktige avtalar om leige av bygningar, anlegg og varige driftsmidlar som kan påføre kommunen utgifter ut over dei fire neste budsjettåra. Slike vedtak er ikkje gyldige før dei er godkjende av Statsforvaltaren.

Innmeldinga gir ikkje Statsforvaltaren ansvar for den daglege drifta av kommunen. Ansvaret for prioriteringar, omstilling og politiske vedtak ligg framleis hos kommunen, men fleire økonomiske vedtak må kontrollerast eller godkjennast før dei kan gjennomførast.

Vidare arbeid med økonomisk omstilling

Kommunen har over tid hatt høgare driftsutgifter enn inntekter. Omstillingsarbeidet skal handle om meir enn kortsiktige kutt. Kommunen må vurdere kva tenester som skal prioriterast, korleis ressursane kan brukast betre, og kva strukturelle endringar som er nødvendige for å skape varig økonomisk balanse. Arbeidet vil krevje politiske prioriteringar, god involvering og tett oppfølging av økonomien gjennom året.

– Dette er ei alvorleg, men ikkje uventa, utvikling. Vi har vore opne om at Ørsta kommune står i ein krevjande økonomisk situasjon. No handlar det om å ta ansvar, halde fast ved nødvendige prioriteringar og gjennomføre tiltak som gir varig effekt, seier kommunedirektør Kari Flø.

Innmeldinga i ROBEK betyr ikkje at tenestene stoppar opp. Innbyggjarane skal framleis få lovpålagde og nødvendige tenester. Samstundes må kommunen rekne med strengare prioriteringar, tettare økonomistyring og tiltak som kan påverke både tenestetilbod, organisering og ressursbruk.

– Det finst ikkje éi enkel løysing på denne situasjonen. Vi må jobbe kontinuerleg med tiltak, følgje utviklinga tett og vere førebudde på at omstillinga vil påverke både organisasjonen og lokalsamfunnet. Samstundes skal vi gjere dette på ein ryddig, open og ansvarleg måte, seier Flø.

Ørsta kommune vil informere innbyggjarar, tilsette og folkevalde fortløpande om arbeidet med økonomisk omstilling. Vidare tiltak vil bli lagde fram for politisk behandling gjennom budsjettprosessar, økonomirapportering og eigne saker når det er nødvendig. Målet er å få drifta tilbake i balanse på ein open, ryddig og ansvarleg måte.