Kommunen har over tid hatt høgare utgifter enn inntektene gir rom for. Samstundes aukar behovet for tenester, og kommunen må bruke ressursane på ein meir berekraftig måte.
Kva handlar omstillingsarbeidet om?
Omstillingsarbeidet skal gi betre kontroll på økonomien på kort sikt og leggje grunnlag for berekraftige tenester fram mot 2040.
- finne realistiske innsparingstiltak for 2026 og 2027
- vurdere tenestenivå, struktur, bygg og bemanning i samanheng
- prioritere lovpålagde og kritiske tenester
- sikre politisk forankring, open kommunikasjon og involvering
Politisk forankra prosess
Kommunestyret har slått fast at Ørsta kommune må gjennomføre varige omstillingstiltak for å få driftsbalanse og økonomisk berekraft. Større endringar skal vere politisk forankra før dei blir sette i verk.
Tiltak i 2026 og vidare arbeid
Det er identifisert tiltak som kan gi økonomisk effekt alt i 2026 og vidare i økonomiplanperioden. Samstundes blir det arbeidd med tiltak for å redusere meirforbruk, særleg innan helse, omsorg og velferd.
Open kommunikasjon og involvering
Omstillinga vil påverke både innbyggjarar, tilsette og samarbeidspartar. Kommunen legg difor vekt på open informasjon og involvering av tilsette, tillitsvalde og vernetenesta gjennom prosessen.
Vegen vidare
Utviklings- og omstillingsplanen blir handsama politisk i juni 2026. Vidare skal tiltaka konkretiserast og prioriterast inn mot budsjett 2027 og økonomiplan 2027–2030.
- Juni 2026: Politisk handsaming av planen.
- Hausten 2026: Konkretisering og prioritering av tiltak.
- Desember 2026: Budsjettvedtak med innsparingsplan.
- 2026–2027: Vidare utgreiing av større strukturelle tiltak.
Ørsta kommune vil informere fortløpande om viktige milepælar, politiske saker og vedtak i omstillingsarbeidet.