Oppstart av sideplastring ved Holen

Oppstart av sideplastring ved Holen

Den skada elvekanten som skal sikrast opp att, og elveråsa på elverampa bak. Magnar Selbervik / Ørsta kommune

Aurstad Tunnel skal no starte opp arbeidet med å bygge opp att sideplastringa ved Holen, på oppdrag frå kommunen. 

Tiltaket er viktig for å sikre elvekanten og hindre vidare erosjon etter skadane som har oppstått.

For å ivareta tryggleiken til både gåande og dei som utfører arbeidet, vil det bli sett opp sperringar på elverampa i samband med graving og tilkøyring av stein. Vi ber alle om å vise omsyn, halde god avstand til maskiner i arbeid, og respektere skilting og avsperringar.

Det er viktig å vere merksam på at elvekanten vil vere ustabil i ein periode fram til plastringa er ferdigstilt.