NAV og Teneste for psykisk helse og rus er samarbeidspartar, og tilbodet rettar seg i første omgang for deg som er i kontakt med dei.
Tilbodet passar for unge som ønskjer ein meir aktiv kvardag, meir struktur og rutinar, sosialt fellesskap og støtte til å kome i gong med endring. Det einaste vi forventar, er at du ønskjer å prøve og kan møte opp til gruppe to gongar i veka.
Slik fungerer tilbodet
Tilbodet er gratis og går over 12 veker, med oppstart 1.september. Det blir to samlingar i veka, med både enkle treningsøkter og teoriøkter. Døme på tema i teoriøktene er søvn, utmatting og kosthald.
Målet er å skape ein trygg arena med fokus på meistring, fellesskap og deltaking, for å forebygge utanforskap.
Trygt og enkelt
Dette er ikkje eit tilbod der ein må vere i form eller ha erfaring med trening frå før. Du kan kome som du er.
Det viktigaste er ikkje kor mykje du trenar eller presterer, men at du møter opp og blir ein del av ei gruppe. Treningsøktene vert på MOVA strandgata. Øktene blir tilpassa deltakarane, og treninga skal vere enkel, trygg og overkomeleg.
Målet
Målet er ikkje prestasjon, men å oppleve meistring og finne ein aktivitet og ein kvardag som fungerer betre for den enkelte.
Praktisk informasjon
- Gratis deltaking
- 12 vekers varigheit – to økter pr veke
- Oppstart 1. september
Påmelding skjer via din kontaktperson i NAV eller Teneste for psykisk helse.
For meir informasjon, ta kontakt med Friskliv Ørsta. e-post: friskliv.orsta@orsta.kommune.no
- Karen Øie tlf: 90118760
- Hanne-Marit Myklebust tlf: 95158456
- Silje Krumsvik Skeide tlf: 91717682
Brosjyre