Ny kontrakt for trafikktrygging ved Vartdal skule

Ny kontrakt for trafikktrygging ved Vartdal skule

Personane på bilde står utanfor Vartdal skule. - Klikk for stort bileteJon Grebstad frå Volda maskin AS og varaordførar Tove Halse Digernes. Matias Kårstad

Ørsta kommune har i dag signert kontrakt med Volda Maskin AS om gjennomføring av trafikktryggingstiltak ved Vartdal skule.

Kart av planen. - Klikk for stort biletePlankart (Klikk for større) Kartutsnitt

Målet med prosjektet er å gjere området tryggare for alle som ferdast til og frå skulen.

Kontrakta har ein verdi på om lag 3,6 millionar kroner (eks. mva). Arbeidet skal vere ferdigstilt innan utgangen av oktober 2026. 

Tiltaka er prioriterte i kommunen sin vedtekne trafikktryggingsplan og omfattar mellom anna etablering av ei trygg avstigningsplass for skulebuss. Det skal også etablerast ei eiga droppsone for levering og henting, fysisk skilt frå gangtrafikk, i tillegg til betre belysning i området. Samla skal tiltaka redusere farlege situasjonar og gi betre oversikt og tryggleik for alle som ferdast i området.

Som ein del av finansieringa har kommunen fått tilskot på 1,5 millionar kroner frå Statens vegvesen.

Signering av kontrakta. Matias Kårstad