No startar vi med taksering av eigedomar
Desse kan du få besøk av på eigedommen din i sommar. F.v.: Maren Moan Horg (ESKAN AS), Johannes Lien Bischoff, Jostein Vartdal, Christoffer Brandvik Hol og Vibeke Othelie Knudsen (ESKAN AS).
Ingeborg Myklebust Bjørneset / Ørsta kommune
Ørsta kommune skal no taksere alle eigedomar som ikkje har bustadverdi frå Skatteetaten. Eigedommane som skal takserast er fritidsbustadar, våningshus, ubygde tomter og næringseigedom.
Dette betyr at du kan få besøk på eigedommen din av nokre av desse personane. Dei det gjeld fekk brev med varsel om synfaring i april.
Takseringa skal i hovudsak gå føre seg får juni-august.
Taksten skal brukast som grunnlag for eigedomsskatten.
Er du eigar av næringseigedom? Har du hugsa å seie frå til leigetakarar om at det kan kome folk på synfaring?
Sist endra 25.06.2025 10:10