No kan du registrere opplysningar om bustaden din

No kan du registrere opplysningar om bustaden din

Sondre Supomuang

Alle eigarar og festarar av bustader eller fritidsbustader i Noreg kan no sjølv registrere opplysningar i matrikkelen hjå Kartverket.

Matrikkelen er det nasjonale registeret over norske eigedommar. Her finn du informasjon om grenser, bygningar, adresser og eigarforhold.

  • Sjekk dine opplysningar i Eiendomsregisteret

    No kan du logge inn på kartverket.no og registrere informasjon som:

    • byggeår
    • vanntilkobling og avløp
    • bruksareal
    • energikilde og oppvarmingstype

 

Kvifor er dette viktig?

Opplysningar frå matrikkelen blir brukte dagleg av privatpersonar, næringsliv og offentlege styresmakter. Kommunen registrerer opplysningar i matrikkelen som ein del av arbeidet sitt. Fordi rutinane har variert over tid, kan enkelte data mangla eller vere utdatert. 

No kan du som eigar eller festar gjera ein forskjell: Ved å oppdatera opplysningar om bustaden eller fritidsbustaden din, bidreg du til å sikra at dei er rette. Det kan gi deg rettare vilkår ved lån, forsikring, skatt og avgift. Vidare får mellom anna nødetatar, planleggjarar og andre aktørar betre grunnlag for avgjerdene sine. Det kjem både deg og lokalsamfunnet til gode.

Slik gjer du

Du kan registrere byggjeår, vatn, avløp, energi, oppvarming og bruksareal. Opplysningane kan du finna i salsoppgåver, vedtak frå kommunen og takstrapportar, eller du kan bruka kjennskapen din til bustaden. 

Eigenregistreringa er frivillig og går føre seg via ei sikker sjølvbeteningsløysing utvikla av Kartverket. Du treng ikkje å lasta opp dokumentasjon.

  • Gå til Eigedomsregisteret hos Kartverket: eiendomsregisteret.kartverket.no/
  • Logg deg inn med ID-porten og sjekk opplysningane som er registrerte frå før
  • Registrer det du meiner er rett
  • Oppdater tidlegare registrerte opplysningar om noko endrar seg

Opplysningane som du registrerer, vil ikkje skrive over det kommunen allereie har. Dei blir viste parallelt med andre eigedomsopplysningar og kan brukast av offentlege og private verksemder.

Spørsmål

Om du har spørsmål om innlogging eller praktisk gjennomføring, kan du kontakta Kartverket her. Oppdagar du feil eller manglar i offentleg registrerte opplysningar om eigedommen din, må du kontakte kommunen for å få det retta.

For meir informasjon, sjå mineiendom.kartverket.no/kom-i-gang

Skjermbilde av løysinga. Kartverket