No blir det tryggare å kommunisere med kommunen

No blir det tryggare å kommunisere med kommunen

Illustrasjonsfoto Adobe Stock

Frå 1. desember innfører vi ei ordning for tryggare og meir effektiv kommunikasjon.

E-post er ikkje ein sikker kanal. For å sikre at alle meldingar og dokument blir korrekt mottatt og effektivt behandla, går vi no over til ein tryggare og meir strukturert løysing.

Slik sender du oss meldingar frå 1. desember

I praksis betyr endringa det at du ikkje lengre kan sende e-post til postmottaket.

Du må derfor nytte

 

Endringa er eit samarbeid mellom Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, og har som mål å sikre betre informasjonstryggleik, meir automatiserte prosessar og effektiv ressursbruk. 

Avgjersla om å innføre digital kommunikasjon for postmottak er vedteken av kommunedirektørgruppa for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta med heimel i forvaltningsloven paragraf 15 a og eForvaltningsforskriften paragraf 3.