Møt politikarar på Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka
I samband årets Stortingsval skal det vere førehandsrøysting på Bakk-Ola-marka i år. I forbindelse med dette så ynskjer bebuarane, som ikkje klarer å kome seg ut på bygda like lett, at dei skal få same tilgang til informasjon frå partia.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Det kjem difor representantar frå alle partia i Ørsta som vil presentere det viktigaste frå sine partiprogram. Det vert høve til å stille spørsmål i etterkant. Hendinga skjer onsdag 13.august frå kl. 17-18 på Aktivitetssenteret.
Kafeèn på Aktivitetssenteret vil halde opent, så ein kan kjøpe mat og drikke i samband med hendinga.
Hjarteleg velkomne!

Sist endra 07.08.2025 10:52