Miljøfyrtårn-plakett til lokale verksemder

Miljøfyrtårn-plakett til lokale verksemder

Ordører overrekker diplom til dei tilsette i bedrifta. - Klikk for stort bileteMadelen Ysland, ordførar Per Are Sørheim, , Silje Larsen, Aleksandra Kochaniewicz og Vanessa Fiedorow. Ingvild Marie Taraldset

Ordførar delte nyleg ut Miljøfyrtårn-sertifiseringsplakett til Specsavers Ørsta og Myklebust Brannsikring AS.

Hos Specsavers har heile gruppa vore engasjerte frå starten av arbeidet. Verksemda sorterer avfall og gjer så godt dei kan for å drive meir miljøvennleg. Undervegs har dei vore opptekne av å finne løysingar som fungerer i praksis, og dei vil halde fram med det gode arbeidet vidare.

Myklebust brannsikring hadde mykje på plass tidleg i prosessen, men måtte arbeide vidare med dokumentasjonen for å bli sertifisert. Dei peika også på at fleire i næringslivet i aukande grad krev at leverandørar har miljøsertifisering.

Miljøfyrtårn er eit nasjonalt sertifiseringssystem som rettar seg mot å fremje miljøvenleg drift i bedrifter og offentlege verksemder. For å oppnå sertifisering må bedriftene kartlegge status, sette seg mål og gjennomføre tiltak som reduserer miljøbelastninga. Dette kan inkludere reduksjon av energiforbruk, avfallshandtering, transportløysingar, og andre miljøvenlege praksis.

Les meir om Miljøfyrtårn

Ordører overrekker diplom til dei tilsette i bedrifta. - Klikk for stort bileteKnut Erik Myklebust, dagleg leiar i Myklebust Brannsikring, tok imot diplomen frå ordførar Per Are Sørheim. Ingvild Marie Taraldset