Markering av pårørandedagen

Markering av pårørandedagen

Bildet viser eit to etasjes gult bygg i Ørsta. - Klikk for stort bileteViketunet. Ørsta kommune

Velkomen til markering av pårørandedagen onsdag 23. september på Møteplassen kafé og aktivitetssenter!

LPP (Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse Søre Sunnmøre) og tenesta for psykisk helse i Ørsta kommune samarbeider om markering og open dag i tenesta.

TID: onsdag 23. september kl. 11.33–19.00
STAD: Møteplassen kafé og aktivitetssenter, Berte Kanuttevegen 4, 6153 Ørsta

Møteplassen held vanleg opningstid denne dagen frå kl. 11.30–19.00. Her vert det servering av kaker og kaffi heile dagen, og sal av lodd (trekning kl. 17.00)

All inntekt går til LPP Søre Sunnmøre.

Stand

LPP vil ha stand og vere tilgjengeleg for ein prat, gode råd og støtte. Pårørande spelar ei viktig rolle i samfunnet, og vi treng å løfte fram dei som har denne rolla. 

Kom innom om du er nysgjerrig på LPP eller kva den kommunale tenesta gjer, eller bere vil kose deg med kaffi i godt lag!

Les meir om LPP
Les meir om pårørandedagen