Logopedteneste for barn og unge i Ørsta og Volda
Hanna Kinn er tilsett som logoped i Ørsta og Volda kommunar frå 1. november 2025. Kinn er utdanna logoped og har også erfaring frå arbeid i skule og SFO. Ho kjenner kommunane godt.
Hanna Kinn er ny logoped i Ørsta og Volda kommunar.
Privat
Logopeden skal fordele arbeidet 50/50 mellom kommunane og det er Ørsta kommune som har det administrative ansvaret og arbeidsgivaransvaret. Arbeidet skal vere retta mot barn og unge som har individuell rett til logopedteneste jf. barnehagelova og opplæringslova.
Les meir om logopedtenesta
Sist endra 04.07.2025 10:08