Kven har ansvar når beitedyr kjem inn på annan eigedom?

Kven har ansvar når beitedyr kjem inn på annan eigedom?

Bilde av en kvige som er gjeret inne. - Klikk for stort bileteKvige på beite. Landbrukskontoret

Mange trur at det er dyreeigaren som har ansvar for å halde beitedyr borte frå private eigedomar. Etter norsk lov er det likevel ofte grunneigaren som har ansvar for å halde dyr ute gjennom forsvarleg gjerdehald.

Det er naturleg å spørje kvifor ein må vedlikehalde gjerde dersom ein ikkje har dyr sjølv. Etter gjeldande regelverk er ansvaret for gjerdehald i mange tilfelle knytt til eigedomen og grensene mellom eigedomar, ikkje berre til den som eig dyra.

Landbrukskontoret oppmodar derfor grunneigarar om å sjekke at eigne gjerde og grinder er i god stand, gjerne før beitesesongen tek til. Dette gjeld både innmarksgjerde og utmarksgjerde.
 

Ansvaret følgjer eigedomen

Regelverket som regulerer gjerdehald er gjerdelova og grannegjerdelova. Ansvaret for vedlikehald følgjer den enkelte eigedomen, og gjeld også for grunneigarar som ikkje har husdyr eller som har slutta med husdyrhald.

Kommunen har ikkje heimel til å påleggje grunneigarar å vedlikehalde gjerde.
 

Viktig for beitenæringa og kulturlandskapet

Gode gjerde er viktige for at beitedyra skal kunne nytte utmarksressursane på ein trygg måte gjennom beitesesongen.

Beitedyr er ein viktig ressurs for kulturlandskapet vårt. Dei bidreg til å halde landskapet ope, tek vare på biologisk mangfald og er ein sentral del av matproduksjonen og landbruket i kommunen.
 

God dialog mellom naboar

Vi oppmodar til godt samarbeid, god dialog og gjensidig forståing mellom bønder, grunneigarar og naboar.

Les også om vedlikehaldsplikt på gjerder