Ørsta formannskap skal dele ut næringsprisen for 2026. Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.
Forslag til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar.
Forslag skal vere skrifteleg og helst med grunngjeving.
Send inn nominasjon
Frist
Frist for innsending: 20. oktober 2026.
Utdeling
Prisen blir vedteke av formannskapet og utdelt i siste kommunestyremøte i året.
Det er vedteke i Formannskapet 11.11.2025 i PS 114/25 at dei som får prisen mottek ein diplom, som heider og ære for innsatsen deira.
Les meir om tidlegare vinnarar.