Formålet med prisen er å gi honnør til ein enkeltperson, bedrift eller organisasjon som i siste året har gjort ein ekstra innsats for å fremje næringslivet i Ørsta, m.a. ved etablering av nye arbeidsplassar eller sikring av eksisterande verksemd, og som kan tene som førebilete for næringslivet.
Forslag til kandidatar kan kome frå einskildpersonar, bedrifter eller organisasjonar. Forslaget skal vere skriftleg og helst med grunngjeving.
Send inn nominasjon
Frist
Frist for innsending: 21. oktober 2025.
Prisen blir delt ut av formannskapet. Les meir om statuttar og tidlegare vinnarar her.