Kven bør få eldsjel-prisen 2026?

Kven bør få eldsjel-prisen 2026?

Bilde av ein blide flotte gjeng frå Røde kors - Klikk for stort bileteØrsta Røde Kors vann eldsjelprisen for 2024. Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune

No kan du sende inn namn på personar eller lag du meiner fortener ei spesiell merksemd for innsatsen dei har gjort for lokalsamfunnet!

For å utvikle Ørsta er det viktig å ta vare på og støtte opp under alle initiativ og krefter som bidrar positivt. Prisen "årets eldsjel" skal synleggjere enkeltpersonar eller lag sin innsats for fellesskapet. 

Det er mange engasjerte enkeltpersonar og lag som legg ned ein stor innsats i alle delar av kommunen for å gjere lokalsamfunna trygge, aktive og attraktive. Små og store bidrag utgjer til saman ei positiv utvikling for lokalsamfunnet. Eldsjeler finst i alle område i samfunnet. Eldsjel-prisen skal synleggjere enkeltpersonar sin spesielle innsats og motivere andre til vidare innsats.

Enkeltpersonar, lag, organisasjonar og verksemder i Ørsta kommune, kan kome med forslag til kandidatar. Tidlegare forslag vil bli vurderte. Det er ikkje høve til å søkje om å få prisen. 

Kriterier

  • Må ha gjort ein frivillig innsats over tid, som har hatt positive verknader for heile/del av Ørsta
  • Vere busett i Ørsta kommune og vere ein god representant for Ørsta
  • Eit forbilde for andre, ein som gjer det vesle ekstra og gjer ein skilnad
  • Må vere pådrivar for utvikling, sunne lokalmiljø og ein inkluderande kultur
  • Gjenspegle flest mogleg av verdiane til kommunen; tillit, energi, løysingsvilje og utvikling - spesielt glede og entusiasme

Prisen skal tildelast ein enkeltperson, lag eller organisasjon som gjer ein nyttig innsats for utvikling av lokalsamfunnet i kommunen til nytte for mange. 

Send inn

Send forslag med kort grunngjeving til kommunen i skjema eller per post. Innspel per post må merkast med saksnr.: 26/11187

Skjema for nominasjon

Frist for innsending er 26. november.

Utdelinga

Prisen blir utdelt i kommunestyret i desember etter at ein jury har vurdert aktuelle kandidater og mottakar av prisen er utpeika. Kandidatnamn blir elles ikkje offentleggjort. 

Spørsmål? 

Kontaktperson er Per Ivar Lied.