Levekårsutvalet avgjor 4. desember at Eli Øvstegård Lannerholm, Edel Vatne Roald, Turid Hoggen Karlsbakk og Anne-Marie Øyehaug får kulturprisen for 2025.
Desse fire damene har kvar for seg og saman gjort ein uvurderleg innsats for å bevare og lyfte fram historia og kulturen i Ørsta gjennom sin årelange innsats i Ørsta Sogelag, Ørsta bygdemuseumslag og skriftstyret for Ørstaminne.
- Eli Øvstegård Lannerholm var med i skriftstyret frå starten i 1985 til 1994 og frå 2005 tiI 2024. Ho har også mange år bidrege med artiklar i Ørstaminne.
- Edel Vatne Roald har ført rekneskapen for bygdemuseumslaget frå 1982 og til dags dato, og også fleire år vore leiar. Ho har i alle år vore aktiv i organiseringa av arrangementa på Brudavollen. Ho har også vore medlem av skriftstyret frå 2015 og til dags dato, og bidrege med artiklar i Ørstaminne.
- Turid Hoggen Karlsbakk var medlem i skriftstyret frå 2012 til 2024. Ho har vore nestleiar, eitt år også leiar, i Ørsta Sogelag frå 2014 og til dags dato. Ho har også bidrege med artiklar i Ørstaminne,.
- Anne-Marie Øyehaug har vore ein framifrå leiar for Ørsta Sogelag frå 2005 til 2023. Ho har også skrive i Ørstaminne.
Vi gratulerer! Diplom blir delt ut på kommunestyremøtet 11. desember.
Sist endra 05.12.2025 14:01