Biblioteket blir mellombels flytta til Ørstahallen
Biblioteket stenger dørene måndag 7. september 2026. Siste opningsdag blir då laurdag 5. september. Planen er å opne att i dei nye lokala i Ørstahallen i midten av november.
Detaljar om utlån og langtidslån:
- Stengt utlån: Frå 7. september til midten av november vil biblioteket og alle utlånsfunksjonar (inkludert fjernlån) vere heilt stengde. Vi tek sikte på å opne att i dei nye lokala i midten av november.
- Langtidslån: Du kan låne bøker som vanleg fram til 5. september. Desse får du automatisk langtidslån på, slik at du kan ta godt vare på dei til vi opnar att. Det vert ikkje sendt ut purringar i stengeperioden.
I perioden vi held stengt, oppmodar vi innbyggjarane til å nytte seg av andre bibliotek i nærleiken, til dømes i Volda.
Kulturhus og kino
Laurdag 7. november 2026 vert siste opningsdag for noverande Ørsta kulturhus og kino, i samband med Den store kinodagen.
I anleggsperioden vil Ørsta kommune diverre ikkje ha eit eige kino- og kulturtilbod. Vi oppmodar derfor alle innbyggjarar til å nytte seg av dei flotte kulturhusa og arrangementa elles i regionen.
Vidare informasjon
Nærare informasjon om eksakt opningsdato og opningstider kjem når det nærmar seg. Følg med på heimesida til kommunen og på Facebook-sidene til kommunen, kulturhuset og biblioteket.
Det nye bygget er venta å stå ferdig rundt årsskiftet 2028–2029.
Skisse av ØKKS bygget som skal innehalde kino. bibliotek, vidaregåande skule og meir.