Kloring av drikkevatn

Kloring av drikkevatn

Grunna sporadiske funn av uønskte bakteriar i drikkevatnet i område frå Høgebrua og fram til Bondalseidet har Ørsta kommune ei tid tilsett klor. 

Klor vert dosert i pumpestasjon ved Høgebrua. Derifrå vert vatnet distribuert vidare til Åmås, Legene, Åmbakk, Brautaset, og heilt til Bondalseidet.

Kvalitet på alt kommunalt drikkevatn vert kontinuerleg overvaka og kontrollert jamfør eigen plan for prøvetaking i samsvar med Drikkevassforskrifta. Etter at klordosering vart sett i gang har vi ikkje hatt avvik knytt til bakteriologisk kvalitet i forsyningsområdet.

Kommunen har motteke meldingar frå abonnentar i Åmdalen om klorlukt og -smak på vatnet levert frå kommunal vassforsyning. Restklor er mengde klor i vatnet etter desinfeksjon. Restklormengda, smak og lukt av vatnet, vil variere noko avhengig av mellom anna nærleik til doseringspunktet. Jamlege målingar av restklorverdiar syner at innhaldet er i nedre sjikt og innanfor krav i retningsliner frå Mattilsynet, uavhengig av prøvestad.

Kloring av drikkevatn i området vil halde fram til vi har funne årsak til forureining og sett i verk permanente tiltak.