Pressemelding frå Sunnmøre friluftsråd
I år er det to gode nyheiter:
- Stikk UT! i Lag blir lansert og
- det er laga eigne vinterkart for kvar kommune som skal gjere det endå enklare og kjekkare å kome seg ut på tur.
Ørsta vinterkart
Sunnmøre friluftsråd
Kart i PDF til å laste ned
– Vinteren er ei flott tid for å oppleve naturen. Frisk luft, snø under skoa, fint lys og små opplevingar langs turvegen kan gi både energi og godt humør. Frå 1. desember kan turglade i heile Møre og Romsdal igjen registrere turar gjennom Stikk UT! vinter, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Stikk UT! er eit tilbod for alle – uansett alder, turerfaring eller form. Oppmodinga frå friluftsråda er å bruke Stikk UT! til å vere aktiv i den kalde, men fine årstida også. Turmåla i Stikk UT! varierer både i lengde og utfordringsgrad, og det finns turar for alle.
Finn turane i ditt nærmiljø
Denne vinteren er det laga eigne digitale vinterkart for kvar kommune. Kartet gir ei samla oversikt over Stikk UT!-turmåla i kommunen og gjer det enkelt å finne nye turmål og kanskje oppdage nærområdet på ein ny måte.
Kart kan lastast ned både frå stikkut.no, og frå nettsidene til Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal.
Det er totalt 471 turmål i fylket denne vintersesongen. 314 av dei er fotturar og 157 er skiturar.
Kart alle kommuner på Sunnmøre
Stikk UT! i Lag
Denne vinteren blir det også mogleg å vere med på Stikk UT! i Lag. Den nye satsinga er gratis for deltakarane og skal gjere det enklare å vere fleire saman om turaktiviteten. Her kan deltakarane motivere kvarandre og skape gode turvanar i fellesskap.
– Stikk UT! handlar ikkje berre om å registrere turar, men også om turglede, fellesskap og motivasjon. Med Stikk UT! i Lag kan turaktiviteten bli ein sosial arena der ein inspirerer kvarandre til å kome seg ut, enten ein er ein vennegjeng, eit idrettslag, ei skigruppe, ei foreining eller anna, seier Ellingsæter.
Meir informasjon og påmelding til Stikk UT! i Lag (frå 1. desember)
Oppdatert løypeinformasjon
I vinter får skiløparar i Møre og Romsdal enklare tilgang til både skiturmål og oppdatert informasjon om preparerte skiløyper – heilt gratis. I Stikk UT!-appen finn du ein direkte link til Skiappen med status på preparering i skiløypene.
– Vi håpar dette kan inspirere endå flere til å prøve seg på ski, oppdage nye turmål og bruke dei flotte skiløypene vi har i regionen. Det treng ikkje vere lange eller krevjande skiturar, det viktigste er å finne ein tur som passer for deg, seier Stig Aambø, dagleg leiar i Møre og Romsdal Skikrets.
Små turar – store opplevingar
Det treng ikkje vere langt eller krevjande for å gi ei god turoppleving. Ein tur ut i nærområdet, ein liten omveg på veg heim eller eit besøk til eit nytt turmål kan vere nok til å gi påfyll i kvardagen.
– Vi håpar Stikk UT! vinter kan vere ein liten motivasjon til å kome seg ut døra, også på dagar det kanskje fristar mest å bli inne. Det viktigaste er å kome seg ut, oppleve naturen og kjenne på gleda ved å vere på tur, seier Ellingsæter.
Stikk UT! vinter startar 1. desember og varer til 15. april. Turmåla finn du i Stikk UT!-appen og på stikkut.no. Her kan du finne informasjon om turane, planlegge turen og registrere besøket ditt.