KI i aksjon

KI i aksjon

Opplev lokal kunstig intelligens – heilt hands on! Her får du sjå fysisk KI, utvikla lokalt med tanke på beredskap og uavhengigheit.

Få med deg:

  • Live demonstrasjon av BRIO-klinkekulespelet – eit fascinerande døme på korleis lokal KI kan setjast saman og skape utrulege løysingar! 
  • Sjå demonstrasjonsvideoen av BRIO – og kom for å oppleve det med eigne auge!
  • Møt eksperten, slå av ein prat, og bli inspirert! Kanskje du sjølv er ein framtidig skapar – eller kjenner ein ingeniørspire som bør vere med?
  • Stad: Volda samfunnshus 
    Tid: 29. november kl. 13.00–15.00

    Stad: Ørstahallen 
    Tid: 31. januar kl. 13.00–15.00

Program:

  • Opning og presentasjon
  • Demonstrasjon av BRIO-klinkekulespelet
  • Stasjon med Teachable Machine
  • Robotarmar i aksjon
  • «Frå Volda til Brussel» – inspirasjonsprat

Møt Peder frå BrainXR

PederSmartBrAInXR - Klikk for stort bilete Privat

Peder driv firmaet BrainXR og leier fagnettverket for KI i NITO. Han skal snart til Brussel, der sjølvaste Ursula von der Leyen (EU-presidenten) talar på same scene!

I sitt første driftsår har Peder og BrainXR mellom anna:

  • Deltatt på Helsehackaton i Sverige
  • Samarbeidd med ortopedi klinikker i Norge, Island, Sverige, Finland og Danmark med Foot-o-Shoot-prosjektet – eit system for tidleg oppdaging av diabetessår ved hjelp av KI-biletanalyse
  • Deltatt på Nvidia sin hovudkonferanse i California

 

Kom og opplev korleis lokal kunstig intelligens kan forme framtida!

Plakat om KI-dagen, samme tekst som i artikkelen - Klikk for stort bilete Plakat / Ingvild Marie Taraldset