Julehelsing frå ordføraren

Julehelsing frå ordføraren

Det er snart jul, og for mange av oss betyr det tid til å ta litt fri og roe ned nokre dagar. Jula handlar for mange om å ta vare på kvarandre og halde i hevd tradisjonar som skaper tryggleik og fellesskap. Det er ei tid for glede, forventningar og gjensyn. Samstundes veit vi at for nokre kan jula vere stille og sårbar. Difor er omtanken for menneska rundt oss ekstra viktig no. Ein telefon, eit besøk eller eit vennleg smil kan bety meir enn ein trur. Små handlingar kan bety mykje.

Ordførar Per Are Sørheim ønskjer alle ei fredeleg og god jul, og eit godt nytt år. Ørsta kommune

Tradisjonar har alltid vore viktig i julefeiringa. Det å gjere ting slik ein alltid har gjort, gir stabilitet og samhald. Samstundes lever vi i ei tid som i aukande grad er prega av endring og omstilling, også her i Ørsta.

Ørsta kommune står framfor krevjande, men nødvendige val. I dag brukar vi meir pengar enn vi har, samstundes som vi blir fleire eldre og færre barn. Dette er ei utvikling som råkar kommunar over heile landet, men som likevel får konkrete utslag lokalt. Målet vårt er klart, vi skal halde fram med å levere gode og trygge tenester, men på ein måte som er berekraftig også framover.

Difor er det viktig å gjere Ørsta til ein endå meir attraktiv kommune å bu og arbeide i. Nye bustadtomter på Fremre Mo er eit viktig steg i den retninga. Det same er eit næringsliv som tør å satse og utvikle seg. På Vartdal er det allereie etablert mange nye arbeidsplassar gjennom Ode sitt nye anlegg. I Ørsta sentrum vil det vere høg byggeaktivitet komande år, før nye butikkar, kontor og utestader opnar dørene. Alt dette er 

uttrykk for endring og ei vilje til utvikling.

Eg veit at ikkje alle opplever omstilling som positivt. Endringar kan skape uro. Samstundes kan det vere verdt å minne om historia vår. Ørsta si industrihistorie, oppbygginga av fiskeflåten på Vartdal og den tidlege turismen i Hjørundfjorden vaks fram i tider med store samfunnsendringar. Omstilling og vilje til å gripe nye moglegheiter har alltid vore ein del av den sunnmørsk identiteten, også her i Ørsta.

Mitt ønskje for det nye året er at vi ørstingar skal verte endå flinkare til å heie på kvarandre. Det er eigentleg litt rart å seie det, for Ørsta er ein kommune der folk stiller opp. Den frivillige innsatsen er stor, og mange gjer ein uvurderleg jobb for fellesskapet. I den samanhengen vil eg særleg gratulere Mai-Britt på Sunkost Ørsta med næringsprisen, Eli, Ann-Mari, Turid og Edel med kulturprisen, og Volda og Ørsta Ballettskule med fylkeskulturprisen.

Til slutt vil eg rette ei stor takk til alle dei som kvar dag gjer ein innsats for fellesskapet, tilsette i kommunen, frivillige, næringslivet og alle andre som på kvar dykkar måte er med og utviklar Ørsta.

Eg ønskjer alle ei fredeleg og god jul, og eit godt nytt år.

Per Are Sørheim Ordførar i Ørsta