Invitasjon til føredrag om digital arv - Ørsta kommune

Invitasjon til føredrag om digital arv

Invitasjon til føredrag om digital arv

Kva skjer med bileta dine, e-postane dine og kontoane dine når du ein dag ikkje er her lenge?

Tysdag 22. april inviterer Volda og Ørsta kommunar til ope og gratis føredrag om digital arv på Ørsta kulturhus. Føredraget vert halde av Seniornett, som har over 25 års erfaring med digital rettleiing og meir enn 200 lokallag over heile landet.

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

lakat med informasjon om gratis arrangement om digital arv - Klikk for stort bilete Seniornett

Eit tema som vedkjem oss alle

I løpet av dei siste 20 åra har liva våre gått frå å vere analoge til å bli gjennomdigitaliserte. Bilete, dokument, meldingar og personlege minner ligg i dag lagra på mobiltelefonar, datamaskiner og i skytenester.

Samtidig er mykje av dette sikra med passord og innloggingar som berre vi sjølve har tilgang til.

– Når vi døyr, kan store delar av livet vårt bli liggande utilgjengeleg for dei som står oss nær. Dette er eit viktig tema som vi som samfunn må snakke meir opent om, seier Paul Ottar Tornes, avdelingsleiar for innovasjon og digitalisering i Volda kommune.

Kva er digital arv?

Digital arv handlar om korleis du ønskjer å forvalte dine digitale verdiar etter din død.

Føredraget vil gi deltakarane innsikt i:

  • kva digitale verdiar ein faktisk har  
  • kva som kan og bør takast vare på  
  • kva som bør slettast  
  • korleis ein kan gi pårørande tilgang  
  • kva løysingar som finst hos tenester som Google, Apple og Facebook  


Målet er å gjere det enklare å ta kontroll over eigne digitale verdiar – og å sikre at dei vert handtert i tråd med eigne ønske.

Vil få folk til å snakke saman

Kommunane håpar føredraget kan vere eit startpunkt for fleire viktige samtalar – både i familiar og mellom generasjonar.

– Vi ønsker at folk både skal møte opp, bli meir bevisste og faktisk snakke med familie og venner om dette. Digital arv handlar ikkje berre om teknologi – det handlar om relasjonar, minner og ansvar, seier Tornes.

Praktisk informasjon

Tid: Tysdag 22. april kl. 11.00–13.00 
Stad: Ørsta kulturhus, kinosalen 
Pris: Gratis 
Påmelding: Link til påmeldingsskjema (forms.com)

Ein person kan melde på inntil ti deltakarar.


Om Seniornett

Seniornett er ein nasjonal organisasjon med over 25 års erfaring innan digital rettleiing. Gjennom meir enn 200 lokallag over heile landet arbeider dei for å styrkje digital kompetanse og inkludering – særleg blant eldre.