Det vil vere vanskeleg å spare så mykje, men vi må sette i verk dei tiltaka vi kan klare på kort sikt. Frå 03.11.25–31.12.25 vert det derfor innført kjøpestopp og ytterlegare innstramming av vikarbruken.
Det betyr at det berre er innkjøp som er heilt nødvendige for drifta som vert godkjende. Det blir ikkje prioritert innkjøp til dømes til ulike aktivitetar i adventstida, og tenesteområda må bruke av det dei allereie har. I samråd med ordførar vert det ikkje bevertning ved møte i kommunal og politisk samanheng ut året. Kurs og reiser som allereie er bestilte kan gjennomførast, men også desse skal haldast så rimeleg som råd.
Innstramming av vikarbruk gjer at det berre kan settast inn vikar når det er strengt nødvendig for forsvarleg drift. Tenester som ikkje er lovpålagde kan bli heilt eller delvis stengde ved sjukefråvær. Dette kan også føre til at vi ikkje kan gjennomføre aktivitetar som krev meir enn minimal bemanning. Det vil seie at turar, utflukter, verkstadar og liknande kan bli utsette til nyåret.
Dette er ikkje tiltak vi ønskjer å innføre, men dei er nødvendige for å unngå ytterlegare økonomisk ubalanse og for å sikre at kommunen kan oppretthalde forsvarleg drift av dei mest kritiske tenestene. Vi ber om forståing for at desse avgjerdene vert tekne på bakgrunn av ansvar for heilskapen – og med mål om å sikre kommunen sin økonomi på kort og lang sikt.
Kari Flø
Konstituert kommunedirektør
Ørsta kommune