Det skriv Sunnmøre friluftsråd i si pressemelding. Vidare skriv dei:
– Resultatet etter sesongen og direkte tilbakemeldingar syner at Stikk UT! betyr mykje for mange, seier Hilde Ellingsæter som er Stikk UT!-ansvarleg i Sunnmøre friluftsråd. Årets sesong baud på 620 turmål, frå lett tilgjengelege nærturar til meir utfordrande turmål for dei som ønsker større utfordringar. Friluftsrådet, som står bak den populære turtrimmen, er godt nøgd med årets sommarsesong, som varte frå 1. mai til 31. oktober.
– Vi ønsker å takke alle turgåarar og bedrifter som har registrert turane sine denne sesongen. I tillegg til stor helsegevinst og gode opplevingar for deltakarane, gir registreringane oss og kommunane verdifull kunnskap om folk sine turvanar. Denne informasjonen er viktig for drift og vidareutvikling av Stikk UT!, seier Hans Pilskog, dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd.
Nærturar stadig meir populære
I Stikk UT! samarbeider friluftsrådet tett med kommunar, grunneigarar og frivillige. – Desse fortener ros for det gode arbeidet dei legg ned for å tilby fine turmål. Dei siste åra har nærturane vorte svært populære, og vi ser at mange kommunar har jobba bevisst med å etablere fleire lett tilgjengelege nærturar for innbyggjarane, seier Ellingsæter.
Betydeleg helsegevinst
Gjennom sommarmånadene har deltakarane i Møre og Romsdal tilbakelagt over 2,1 millionar kilometer totalt på alle dei registrerte turane. Dette svarar til 708 Norge på langs-turar.
Ifølgje Helsedirektoratet sin helsekalkulator genererer dette ein betydeleg gevinst i form av reduserte helsetenestekostnader knytt til livsstilssjukdomar, lågare sjukefråvær, betre psykisk helse og auka livskvalitet.
Fokus på berekraft
Friluftsråda jobbar aktivt med berekraft og ivaretaking av naturen, og har mellom
anna utvikla Stikk UT!-vettreglane. – Turgåarane har generelt vorte flinke til å ta med søppel og parkere omsynsfullt. Men å halde hunden i band er ein regel vi stadig må løfte fram, og her er det eit forbetringspotensial, seier Pilskog.
Førstehjelp til stiane
For å ta vare på stiane har Sparebanken Møre bidrege med 500 000 kroner til Stikk UT! Stifond. Dette er middel som skal gå til enkle førstehjelpstiltak på slitte delar av stiar og turvegar. Gjennom sesongen har 38 søkarar i medlemskommunane motteke midlar til utbetringstiltak utført på dugnad.
Stikk UT! spreier seg
I 2024 vart det for første gong mogleg å gå Stikk UT!-turar utanfor Møre og Romsdal, samt Heim i Trøndelag sine grenser. I 2025 deltek 16 friluftsråd med 126 kommunar frå Finnmark i nord til Lindesnes i sør. I 2026 er det venta at endå fleire vert med.
Fakta
- Stikk UT! sommar i Møre og Romsdal/Heim i trøndelag: 930 000 turar registrert sommaren 2025 av ca. 44 000 deltakarar. Vinter og sommar totalt: 1 170 000 registrerte turar.
- Tal Stikk UT! Noreg (heile 2025): Totalt ca. 1,6 millionar turar registrert av 60 000 deltakarar i 126 kommunar.
- Tal for Stikk UT!-bedrifter i Møre og Romsdal: 260 bedrifter deltek som lag på Stikk UT! Gjennom sommarsesongen har 6 600 personar knytt til bedriftene registrert 289 000 turar.