Formannskapet vedtok 9. juni 2026 å legge ut forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel ut til høyring og offentleg ettersyn.
I høyringsperioden kan alle sende inn innspel – både innbyggjarar, lag og organisasjonar og næringsliv.
Kunnskapsgrunnlaget finn du her.
Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel?
Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt overordna styringsdokument. Planen viser kva retning Ørsta skal utvikle seg i, og kva kommunen skal prioritere framover.
Planen skal leggje grunnlaget for utvikling innan mellom anna:
- livsmeistring og fellesskap
- eit mangfaldig næringsliv og attraktive lokalsamfunn
- grøn omstilling og beredskap
- Ørsta kommune som arbeidsgjevar
- helse og velferd
- samferdsel og infrastruktur
Vi ønskjer å høyre frå deg
For å lage ein god plan, treng vi innspel frå mange. Vi oppmodar difor alle som er opptekne av utviklinga i Ørsta om å lese planforslaget og sende inn innspel.
- Kva meiner du er viktig for framtida til Ørsta?
- Kva bør kommunen prioritere?
- Er det noko som manglar i planforslaget?
Alle innspel er verdifulle og vil blir tekne med i den vidare politiske behandlinga.
Universelt utforma (UU)
Vi ønskjer at kommuneplanen skal vere tilgjengeleg for alle. Det er difor utarbeidd ein universelt utforma (UU) versjon med enklare framstilling, alternative tekstskildringar til illustrasjonar og tilpassingar for skjermlesarar.
Arbeidet med universell utforming er eit område vi ønskjer å utvikle og forbetre fortløpande. Vi er klar over at det kan vere behov for ytterlegare tilpassingar, og vi tek gjerne imot innspel til korleis planen kan gjerast endå meir tilgjengeleg og lettare å bruke. Send oss gjerne også innspel på dette.
Send inn innspel
Du må sende innspel skriftleg innan 15. oktober 2026. Du kan bruke skjema under eller sende per post, merk med saksnr 26/7710.
Skjema for innspel