Målet vårt er enkelt: Å skape eit tilbod som opplevast trygt, er samordna og lett å finne fram i – der barn, unge og foreldre får den hjelpa dei treng, når dei treng ho.
For å få dette til treng vi å høyre frå deg som bur i kommunen.
Vi treng svar frå:
- Foreldre/føresette eller pårørande
- Ungdom og unge vaksne
- Fagfolk som jobbar med barn og unge
- Innbyggjar, samarbeidspartnar, frivillig organisasjon og andre
Vil du bidra?
Vi ønskjer å få betre innsikt i kva utfordringar, behov og erfaringar familiar, barn og ungdom har, slik at tenestene kan utformast i tråd med det som fungerer i kvardagen.
Svar på spørjeundersøkinga
Spørjeundersøking er kort, anonym og tek berre nokre minutt – men svara dine betyr mykje.
Kvifor gjennomfører vi dette arbeidet?
Vi ønskjer at barn og unge skal møte trygge, samordna og forståelege tenester.
Kommunale tenester skal mellom anna byggje på brukarkunnskap og lokal erfaring.
Dine innspel er avgjerande for at vi skal kunne utvikle ei teneste som faktisk treff behova i vår kommune.
Andre innspel?
Har du innspel du ønskje rå kome med direkte til prosjektleiar, ta kontakt med Skjalg Lidarende.
Saman kan vi skape ei betre teneste for barn og unge i Ørsta.