Har du lyst å gjere ein forskjell? Bli støttekontakt!

Har du lyst å gjere ein forskjell? Bli støttekontakt!

Bilde av to kaffikopper. - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto. Adobe Stock

Ørsta kommune treng fleire engasjerte menneske som har lyst til å bidra til at andre får ei trygg, aktiv og meiningsfull fritid. 

Som støttekontakt får du vere med og gjere kvardagen litt betre for nokon – og ofte betyr det meir enn du kan forestille deg.

Kvifor bli støttekontakt?

  • Du treng ingen formell utdanning – det viktigaste er at du er imøtekomande og likar å vere saman med folk.
  • Du får vere med på kjekke aktivitetar, som turar, trening, bibliotekbesøk, kafé, kino eller kulturarrangement.
  • Du får rettleiing og vert løna av kommunen.
  • Du får attest, og erfaringa er flott å ha med seg på CV-en.
  • Arbeidet let seg enkelt kombinere med jobb, studie eller skule – dei fleste oppdrag er nokre få timar i veka.

For enkelte oppdrag er det ein fordel å ha sertifikat og bil, men det er ikkje eit krav.

Kven treng støttekontakt?

Det kan vere barn, unge eller vaksne som av ulike grunnar treng litt støtte for å delta på sosiale aktivitetar eller vere aktive på fritida. Som støttekontakt blir du ein trygg og positiv person i livet deira – ein som gjer det muleg å kome seg ut, prøve nye ting og kjenne meistring.

Ørsta kommune ønsker også å tilby støttekontakt i grupper – ei triveleg og sosial løysing der fleire møtest samtidig.

Vi treng deg!

Vi oppfordrar spesielt menn til å søke, men alle som kjenner igjen beskrivelsen er hjarteleg velkomne til å ta kontakt.

Er DU interessert? Registrer deg i skjemaet vårt:

Registrering støttekontakt