Har du framlegg til Stikk UT! turar for sommarsesongen?

Har du framlegg til Stikk UT! turar for sommarsesongen?

Bilde av ei kvinne som står på eit fjell og ser ut over ein vakker dal (Bondalen). - Klikk for stort bileteFjelltur på Stokkenakken i Bondalen. Ingvild Marie Taraldset

Sommarsesongen er frå 1. mai–31. oktober, og det er tid for å få innspel for kva for turar det er ønskeleg vi har som Stikk UT! turar i år. 

Ørsta kommune er medlem i Sunnmøre Friluftsråd og har derfor Stikk UT!

Det er nokre kriterium som gjeld: 

  • Turskildring i www.morotur.no  
  • Avklaring med grunneigar at det er OK at turen blir ein Stikk UT!-tur
  • Sjå til at turmålet ikkje er i konflikt med sårbart dyreliv
  • Unngå turar i hekkeområde/ved drikkevasskjelder/sårbar natur (myr) osv.
  • Unngå turar gjennom beiteområde for storfe
  • Vurdere om stien/råsa toler auka ferdsel
  • Alle kommunar bør ha minst ein trillevennleg tur, gjerne fleire (kan gjennomførast med barnevogn/sykkel/rullator/rullestol)
  • Nærturar der folk bur
  • Tilgjengeleg parkeringsplass for minst 4-5 bilar
  • Helst minst ein tur i kvar bygd
  • Berre etablerte turmål (ikkje bruk Stikk UT! til å gå opp nye stiar…)
     

Frist for å melde inn framlegg er tysdag 10. februar.

Meld inn her